God dag, dette er kapteinen

Meldinga frå kapteinen kom både på svensk og engelsk, men svært få i flokken vår hadde fått det med seg. Kva skjer? At flyet ikkje kan lette enda seier du? Ja, han sa at vi kan bli fleire timar forseinka ut frå Shanghai på grunn av været. 


Wiwi, Sara og Thea på plass i flyet frå Shanghai til København.

Det ville vore ein kjip start når vi har 11 timars flytur framføre oss, men etter ein time var vi likevel i lufta. 16 elevar og to reiseleiarar på veg heim etter ein 10 dagars svært vellukka studietur.

Som turansvarlege har vi gjort oss ein del observasjonar, erfaringar og refleksjonar langs med. Her kjem nokre av dei, skrivne av Ole R i luftrommet over Nord-Kina og Mongolia.

 

Flotte, positive og inkluderande elevar

Det har vore eit privilegium å få vere på reise med desse 16 elevane. Snille med kvarandre, høflege og representative i møte med andre, og positive til all verdens utfordringar og oppgåver. Takk for turen kjære elevar. Dette var veldig kjekt.

 

Alle som stiller opp

Vi må mest klype oss i armen. Alle som har stilt opp for oss, kvar dag, med aktivitetar og møte for at vi skal oppleve og lære mest mogleg. Vi er veldig takknemlege. Spesiell takk til Jiangsu Broadcast and Television College, Ulstein Group, Det norske konsulatet, Innovasjon Norge og Sperre China. Xie-xie (Takk). Og alle seier velkomen tilbake med ny elevgruppe neste år. Vi kjem.


Den 80 år gamle kunstnaren viser oss korleis teikne bambus, medan alt blir grundig dokumentert.
 

Ole og Christian saman med Vidar Eikrem, adm.dir. i Ulsteins selskap i Kina.

 

Ikkje utan Tong

Utan Tong hadde vi aldri fått til dette. Ikkje avtalen med skolen i Nanjing, og ikkje gjennomføringa av turen. Nokre suksessar er meir avhengig av enkeltpersonar enn andre, og slik er det med studieturen til Kina. Det handlar om nettverk, språk og kultur, ikkje minst når vi har med Kina å gjere. Takk Tong, du er super.


Tong som medinstruktør i kampsport.
 

Guanxi og Face

Vi har erfart og lært mykje om kinesisk kultur, også bedriftskultur. To omgrep kjem vi ikkje utanom.

Guanxi betyr noko i nærleiken av relasjon, nettverk, å ha noko felles. Og skal ein kome nokon veg med eit eller anna i Kina må det vere gjennom guanxi. Døme: Tongs guanxi i Nanjing var heilt nødvendig for å få samarbeidsavtale med skolen der.

Face er eit anna nøkkelomgrep for å forstå Kina. Det handlar om å gi nokon face, snakke folk opp, og ikkje å påføre nokon ansiktstap. Døme: Den norske Nobelkomiteen påførte Kina tapt ansikt. Partiet ventar framleis på at Noreg skal gi Kina ansikt igjen.

 

Gruppebilde heile tida

Du ser tendensen på bloggen. Vi har tatt gruppebilde med alle overalt og heile tida. Enten det er direktøren i gigantiske JSBC, professor He ved Nanjing University eller andre, noko av det første og siste dei spør om er å få ta eit gruppebilde saman med oss.

Det er nok fleire forklaringa på dette. Først og fremst er det stor stas at vi kjem, og dei vil dokumentere at vi var der. Truleg har det også noko med kultur å gjere. Å opptre saman på bilde fortel at vi har og er noko saman. Det er fint. Og så dette V-teiknet, som blir brukt heile tida på bilde. Fred, seier, fellesskap, venskap. Det kan verke litt masete, men er fin symbolikk.


Gruppebilde saman med direktør Xu Gangfeng, med bakvegg av kjende programleiarar i TV-selskapet.


På Nanjing University, med Ibsen-professor He og hans kollega.


Gruppebilde ved innsjekk i Shanghai saman med Qin og Chao, før dei reiste tilbake til Nanjing.
 

You are so handsome

Det er vi som er annleis i Kina. Men det er noko med venleiksidealet der som gjer at vi kjem godt ut av det. Det har blitt mange selfies, mange som vil ta bilde både av og med enkeltelevar. Særleg blei høgreiste Marius ein populær kar blant jentene i Kina. You are so handsome. Can I take a picture with You.

 

They drink to much Coca Cola

Dei to tilretteleggarane Qin og Chao var med oss over alt i Nanjing og Suzhou. Dei jobbar begge i avdelinga for internasjonal turisme i JSBC, som også eig colleget. Vi blei godt kjende etter kvart, og eg spurde dei kva dei eigentleg synest om elevane frå Noreg. Etter mykje ros og litt nøling, kom det: But they drink to much Coca Cola. Og det gjer dei verkeleg. Det har blitt  Cola til frukost, lunsj, middag og kvelds for nokre del av dei. Trur vi må bli einige om mindre usunn drikke neste gong.


Enkel lunsj akkurat denne dagen, og Cola på både den eine og andre. Marius og Josefine i front.
 

Eg vil heim til fiskegrateng

Å vere på tur i Kina betyr også å ete kinesisk mat under heile reisa, og å ete med pinnar. Alle har fått testa smaksløkane sine, og dei fleste har lært seg å like nye ting. Nokre få har rett nok fått litt lite kinesisk mat i seg, men har køyrt på med  hamburgar og pizza når det har dukka opp slike sjansar. Under avslutningsmiddagen i går kveld kom det frå Mathias, som har smakt mykje: Eg vil heim til fiskegrateng! (Hermed bestilt)

 

Gode sko - berre må ha det, eventuelt sykkeltaxi

Det har blitt mykje trakking, både i Nanjing og Shanghai. Det er store avstandar, og gode sko er gull verd. Lite klaging på dette også, men det blei nokre drosjeturar på enkelte, og siste kvelden til og med sykkeltaxi på ein gjeng. Det vil vi strengt tatt ikkje tilrå i den trafikken, men gøy var det nok.


Gatelangs i Nanjing sentrum. Mest trakking blei det i Shanghai.

 

Å finne nåla i høystakken

Vi skal aldri gå aleine, alltid minst tre i lag. Med eit par glippar klarte vi det. Om nokon skulle kome bort i folkemengda visste alle vegen tilbake til hotellet. For å finne nokon igjen for eksempel i Nanjing Road, ja det er mest umogleg. Vi har prøvd.

 

Hutongen er aldri langt unna

Frå hotellet i Shanghai såg nokre av oss rett inn i bakgarden til folk, tre meter unna, med klede til tørk og matlaging på enkelt vis. Hutongane er aldri langt unna, og ein bør ta seg tida til å rusle også her, og sjå korleis mange lever og korleis det myldrar av salsaktivitet av allslags mat mellom dei to-etasjars enkle husa i kvartala mellom neonlysblinkande skyskraparar.


Utsikt frå eit hotellvindauge i Shanghai, med folks privatliv tett på.
 

Musikalitet og kreativitet i bussen

Vi hadde vår eigen buss heilt frå vi blei henta på togstasjonen i Nanjing til vi var i Shanghai. Det gjer noko med folk å reise mange dagar saman på buss. For eksempel begynner folk å syngje. Høgt, vilt og somme tider rett vakkert. Frå Tore Tang via To-To-hits til nye russelåtar (huff ). Og ein kveld hadde vi fløyteorkester bakarst i bussen. Dei hadde kjøpt seg is med fløytefunksjon i ispinnen, noko som resulterte i 3-og 4-stemt improvisasjon. Knallbra!

Håvard og André med ispinneduett bak i bussen.

Sjarmert, men ikkje utan ettertanke

Vi har snakka om det, om Partiet, styresettet og enkeltindividet sine rettigheiter i Kina. Og Mao som er der i kulissane. Bilde av han til sals i bodene,  ei 3-4 meter stor statue av Mao på universitetet til Peder. Inne i TV-huset i Nanjing rullar ein digital tekst over ein heil vegg i lobbyen med øvste leiars føringar for korleis media skal te seg. Ja, vi er i Kina. Men trass politiske og kulturelle skilnader vil vi halde fram med å bygge relasjonar og guanxi med nettverket vårt i Kina, denne økonomiske kjempa med 1,3 milliardar menneske.

 

Takk til sponsorane

Vi har gått rundt i t-skjorter og hettegenserar med logoar som om vi var toppidrettsutøvarar. Stor takk til alle sponsorane våre som har vore med og gjort denne unike studiereisa mogleg å finansiere.

Takk for turen, også til dykk som var heime og leste bloggen vår.

 

Helsing

Ole Reinlund

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kinesisk 2016

Kinesisk 2016

17, Ålesund

Vi er 16 elever som tar kinesisk som andre fremmedspråk på Vg2 ved Ålesund videregående skole, og som er på studietur til Nanjing og Shanghai. I Nanjing skal vi være sammen med elever ved vår samarbeidsskole Jiangsu Broadcast and Television College. I Shanghai skal vi besøke Innovasjon Norge, Ulstein og Sperre.

Kategorier

Arkiv

hits