På plass i Nanjing

No er vi her endeleg. Sjekka inn på hotellet i Nanjing i går. 

Det er ei lang reise. Fly til Oslo, til København, så 10 timar til Shanghai med lite sømn. Tong som diskuterer med drosjeselskapet, som stiller med fire bilar og altfor lite plass til 18 store koffertar. 45 minutts køyretur til togstasjonen på andre sida av byen. Tong som spring med 18 pass for å kjøpe togbillettar til oss. Igjen få plassert desse 18 koffertane på toget. Fin togtur i rundt 300 km/t.


Nokre rakk ein kjapp tur innom Mc Donalds på togstasjonen i Shanghai.

Så er vi i Nanjing. Blir møtt på togstasjonen av fine folk frå skolen med både norsk og kinesisk flagg. Buss til Jiangsu Broadcast and Television College. Blir tatt imot som filmstjerner. Kamera over alt, velkomsttalar, omvisning og middag på skolen. Korleis var dette første kinesiske måltidet Mathias? - Hm. Det var mange sterke smakar, men sterke i ulike retningar.

Maten blir analysert og positivt omtalt på bussen til hotellet. Stemninga er god heile vegen, trass lite sømn og slitne folk. Sjekkar inn på eit hotell i utkanten av sentrum. Roleg strøk, med parkanlegg rundt hotellet. Men først og fremst er vi klare for dusjing og soving, før full fart med opplegg både på og utanfor skolen i morgon.


På bussen frå togstasjonen til skolen i Nanjing.


Høgtideleg velkomst rundt konferansebordet på skolen.
 


Omvisning på veg frå eit skolebygg til eit anna.


Gruppebilde på trappa til skolen.

 



 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kinesisk 2016

Kinesisk 2016

17, Ålesund

Vi er 16 elever som tar kinesisk som andre fremmedspråk på Vg2 ved Ålesund videregående skole, og som er på studietur til Nanjing og Shanghai. I Nanjing skal vi være sammen med elever ved vår samarbeidsskole Jiangsu Broadcast and Television College. I Shanghai skal vi besøke Innovasjon Norge, Ulstein og Sperre.

Kategorier

Arkiv

hits